–Vi arrangerer både maraton, halvmaraton, 10 km og minimaraton. Med innlagt KM for maraton. Løypa for maraton, halvmaraton og 10 kilometer går i ei 10 kilometer-sløype langs Hornindalsvatnet. Det er ei veldig publikumsvennleg løype, då ein spring til og frå Otterdal og passerer både løparar og publikum på vegen. Minimaraton går gjennom sentrum. Elles har alle løpa målgang på Hornindal Idrettspark, skriv Irene Lødemel, leiar i friidrettsgruppa i HIL, i ei pressemelding.

Internasjonal deltaking

–Vi har internasjonal deltaking også i år. Men den store påmeldinga har det ikkje vore endå, så håpar det rettar seg. Primus motor for løpet er Inge Asbjørn Haugen, og han deltek sjølvsagt på maraton. Han har per dags dato 567 maratonløp, skriv Irene Lødemel i pressemeldinga og viser til at det også i år er det er satt opp eit gåvekort pålydande tusen kroner for barn/ungdom, 16 år og yngre, som deltek på minimaraton. Gåvekortet blir uttrakt på startnummer.