Deltakarane fekk ein aktiv og kjekk start på sommarferien i sommarregnet på Stadlandet denne midtsommardagen.

– Det var ingen av deltakarane (eller instruktørane) som klaga over regnet, dei var skikkelege vikingar, og så motiverte og fokuserte at dei let ikkje til å merke noko til at det regna, seier arrangør Marius Hagen.

Hagen, som spelar for Hødd, kom rett frå siger på «Heimebane» laurdagen mot Fløy, og har no fri i to veker. Han brukte den første dagen i sommarferien på å arrangere Elitedag på Stad og synest det er veldig kjekt og viktig å inspirere og motivere unge og ivrige fotballspelarar i regionen.

Elitedag

Elitedag er eit tilbod til ungdom i alderen 10 til 16 år, både jenter og gutar, som har lyst å utvikle seg til å bli ein betre fotballspelarar, både i form av det ein gjer på fotballbana, men også utanfor bana. Elitedagen har som mål at kunnskapen, motivasjonen og eigentreninga til deltakarane skal bli betre.

Høg kvalitet

Også denne gongen hadde Marius Hagen fått med seg dyktige instruktørar til å gjennomføre Elitedagen. Han er takknemleg og glad for alle instruktørane som tek seg tid til å vere med på Elitedagen og som bidreg med høg kvalitet i treningsopplegget. I tillegg rettar han ei stor takk til dei frivillige og Stadlandet IL for godt samarbeid og god tilrettelegging.

Instruktørar:

• Jon Georg Rutledal – trenar for Tornado Måløy FK G15-17, tidlegare trenar og spelar i Tornado FK, instruktør på fotballkrinsen sine trenarkurs, styremedlem i NFF Sogn og Fjordane, spelarutviklar og krinslagstrenar

• Magne Elde – kombinerar i dag trenarjobb i Fortuna med jobb i Blindheim IL Fotball. Førte Fortuna til NM gull for J19 i fjor. Var trenar for Bremanger i mange år på herre og damesida, jobba fleire år i Tornado Måløy FK som daglig leder. Trent kretslag både i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre og jobba som spelarutviklar i SFFK

• Dan Jøran Hafsås – sportskoordinator og A-lagstrener for Eid Fotball, Mastergrad i idrettsvitenskap. Spesialisering i trenarrolla. Soneansvarlig G13 & 14 Nordfjord, NFF Sogn og Fjordane

• Ole Monrad Alme – keeper i Hødd, ansvarleg for keeperane på Elitedagen

• Torbjørn Aabrekk – frå Eid, har spelt aldersbestemte landskampar og spelt for Florø i OBOS ligaen

• Halgeir Sandal – tidlegare Sogndal-spelar, utdanna idrettspedagog, trenar i Eid IL

Ny Elitedag i Vågsøy

Marius Hagen arrangerte Elitedag første gong i påska, og denne gongen på Stadlandet. Han har allereie planlagt ny Elitedag, som blir i Vågsøy. Det vil etter kvart bli lagt ut informasjon og påmelding på facebooksida for Elitedag.