På leiren trenar dei blant anna med landslagsprofilane Maria Thorisdóttir og Guro Reiten.

Jenta fra Nordfjordeid er éi av 80 handplukka fotballspelarar som denne veka er samla på Equinors talentleir i Stavanger. Samlinga utgjer toppen av Norges Fotballforbunds (NFF) landslagsskule. Målet er å drive systematisk talentutvikling for å danne framtidas landslag.

– Det er kjekt å bli tatt ut til slike samlingar. Vi får trene med andre jenter som er like glade i fotball og vi lærer mykjee nytt kvar dag, seier Ellijanne Skrede Anderson.

Imponerte landslagsprofilar

På leiren fekk Ellijanne blant anna rettleiing frå landslagsspelarane Maria Thorisdóttir, som til vanleg spiller for Chelsea FC, og Guro Reiten, som spelar i Toppserien for Lillestrøm.

– Vi er imponert over innsatsen til Ellijanne og dei andre spelarane her på Equinors talentleir. Dei viser ein enorm stå-på-vilje og spelar med den samme gløden som kjenneteiknar dei som no spelar på A-landslaget. Det lovar godt for framtida, seier Thorisdóttir og Reiten som er mentorar for Equinor Morgendagens Helter.

Dei har sjølve gått gradene innanfor NFFs landslagsmodell og har over 170 kampar for aldersbestemte landslag og A-landslaget.

Nålauget er trangt

På leiren deltar rundt 80 av dei mest lovande fotballtalenta i Norge. Både J15-landslaget, eitt skyggelandslag med potensielle landslagsspelarar og to tropper med 14 år gamle talent er tatt ut basert på ferdigheiter, haldningar, læringsvilje og sosiale eigenskapar.

Fagansvarleg for spelarutvikling i NFF, Håkon Grøttland, meiner spelarane har all mulig grunn til å vere stolte av seg sjølve.

– Dei har overbevist mange på vegen for å bli tatt ut til denne talentleiren. Det er ingen tvil om at nålauget er trangt. Dei er tatt ut fordi vi meiner dei har nokre eigenskapar som på sikt kan gjere dei til ein av «morgendagens heltar». Talentleiren er ein viktig arena med tanke på spissing og finsikting inn mot landslag, men først og fremst skal det vere ein inspirasjonsarena. Forhåpentlegvis gir ei slik samling spelarane ekstra motivasjon og viktig læring som dei tar med seg heim i klubbkvardagen sin, seier Håkon Grøttland.

Fakta om Equinor talentleir for jenter 2018:

• Talentleir for Norges mest lovande fotballspelarar mellom 14 og 16 år

• Arrangerast i perioden 20. juni til 24. juni på FK Vidars treningsfelt i Stavanger.

• Eit samarbeid mellom Norges Fotballforbund og Equinor sitt talentprogram Morgendagens Helter der selskapet støttar talentutvikling innanfor idrett, kultur og realfag.

• Øvste nivå i Norges fotballforbunds Landslagsskule, som har som mål å drive systematisk talentutvikling for å danne Norges framtidige landslag.

Frå Sogn og Fjordane deltar desse spelarane: Ellijanne Skrede Anderson (Eid), Emma Sæbø (Stryn), Inga Hoff (Førde) og Ingrid Lovise Jåstad (Kaupanger)