Kongleriket er ei turnering for miniputt som blir arrangert fire gonger gjennom sesongen.

Søndag var det tid for denne turneringa på Eid stadion. Der møtte laga Loen, Eid, Stryn, Hornindal, Oppstryn, Olden, Veten/Hardbagg og Heia. Til saman var det rundt 400 spelarar i aksjon på bana.

Neste Kongleriket turnering blir i Stryn 2. september, og til slutt i Hornindal 23. september. Til kvar turnering er det sett opp eit tema, og denne gongen var det sunn mat i kiosken. Turneringa er for spelarar mellom 5 og 10 år.

Gjennom sesongen er det fire turneringar, Kongleriket.
Kongleriket turnering omfattar i alt 24 lag i Nordfjord, delt inn i tre ulike område, indre, ytre og Sandane/Breim.
Leik, trivsel og utvikling er viktigare enn kampresultat under Kongleriket turnering.
Gutar 6 år frå Eid. Bak f.v.; John Lidvard, Tom Erik og Endre. Framme f.v.; Sinan, Ari og Lavrans.