Trass i at Eid pressa stort på slutten av kampen og produserte mange store sjansar på stillinga 2-1, vil ikkje trenar Dan Jøran Hafsås ha noko snakk om at dei fortente poeng.

– Nei, når vi ikkje scorar på sjansane, fortener vi heller ikkje poeng. Vi kan ikkje skulde på nokon andre enn oss sjølve, slår Hafsås fast.

Trass i tap borte mot Årdal var det stor framgang å spore i Eid-laget etter den miserable førestillinga heime mot Fjøra sist helg, der Eid tapte 1-6 etter å ha blitt totalt utspelt.

– Prestasjonsmessig var dette ein heilt annan kamp. Det er berre så synd at vi ikkje får med oss poeng, seier Hafsås.

God Skorge

Johan Skorge spelte sin tredje seriekamp for Eid etter returen frå Førde. Eid-trenar Hafsås meiner at Skorge leverte ein sterk kamp borte mot Årdal.

– Johan framstår som ein leiar på bana, noko som er svært positivt med tanke på kampane framover. I tillegg er Simen (Lefdal), Vebjørn (Høynes) og Kristian (Lefdal) på det nivået vi forventar av dei, seier Hafsås.

Spel mot eitt mål

Etter ein mållaus førsteomgang, sette Årdal inn to kjappe mål før ti minutt var spelt av andre.

– Dei får to lette scoringar, men vi gir ikkje opp. Då vi fekk reduseringa, trudde eg at vi skulle ta sigeren. Men trass i at vi definitivt hadde sjansar nok til å vinne kampen, står vi igjen med null poeng. No får vi berre jobbe vidare med det som er vår største utfordring, nemleg å bli meir presise og kyniske i dei avgjerande situasjonane i begge boksar, seier Dan Jøran Hafsås.

Skal ha siger

No står det igjen tre kampar av vårsesongen. Først heime mot Vik komande laurdag, deretter ny heimekamp mot Kaupanger torsdag 21. juni og til slutt borte mot Skavøypoll onsdag 27. juni.

Med tanke på Eid sine prestasjonar heime og borte bør laget ha eit svakt favorittstempel mot Kaupanger og Skavøypoll. Mot Vik komande laurdag skal Eid vere klare favorittar til sigeren.

– Vik er eit lag vi absolutt skal slå på heimebane. Det er eit klart krav vi stiller til oss sjølve. Vik kjem sikkert til å legge seg lågt og satse på kontringar og dødballar, og det er noko vi er førebudde på å takle, seier Eid-trenar Dan Jøran Hafsås.