Det var klasseforskjell på laga då serieleiar Fjøra fullstendig utspelte Eid i kveld. Den store seriefavoritten viste klart at det vil vere ein sensasjon om dei ikkje rykker opp.

Eid var brukbart med på notane før pause, og produserte nokre sjansar. Den største var ved Vebjørn Høynes, som banka eit frispark i stolpen.

Men det var heile tida klart at Fjøra var eit betre lag. Spesielt etter pause var klasseforskjellen stor.

Til pause var stillinga 0-2, etter to scoringar av Espen Outzen. Kenneth Skjerven la på til 0-3 knappe kvarteret ut i andre omgang, før Outzen la på til 0-4. Malvin Gjerde auka til 0-5, før Marius Henriksen sette inn Eid sitt trøystemål etter ein tabbe i Fjøra-forsvaret. Fem minutt før full tid fastsette Sindre Thue sluttresultatet til 1-6.

På overtid pådrog Eid-forsvarar Håvard Holmøyvik seg sitt andre gule kort, og fekk dermed sjå det raude.

4. divisjon Sogn og Fjordane

Kaupanger-Bremanger 6-0

Vik-Årdal 2-2

Eid-Fjøra 1-6

Stryn-Florø 2 2-4