Tradisjonelt har Eid alltid hatt vanskar med å slå Dale på Dingemoen, men laurdag vart det ein kontrollert siger.

– Det var veldig kontrollert. I første omgang har vi ballen 70-80 prosent av tida, noko vi ikkje har vore vande med på bortebane. Sjølv om vi ikkje skapar så frykteleg mykje framover, gjekk vi til pause med tomålsleiing, fortel Eid-trenar Dan Jøran Hafsås.

Nye Lefdal-mål

Kristian Lefdal var divisjonens toppscorar før oppgjeret mot Dale. Med to nye scoringar står han framleis på toppen, no med åtte mål på seks seriekampar.

– Kristian får god hjelp av gode framspel, men ballen skal jo settast i mål. Der har han vore veldig skarp i det siste, noko som lovar veldig godt for framtida, seier Hafsås.

Den første scoringa kom på ei kontring etter halvtimen.

– Vi har blitt veldig gode på kontringar. Det er ikkje tilfeldig at det er på den måten vi tar føringa, meiner Hafsås.

Fire minutt etter at Lefdal sende Eid i føringa, fekk han notert seg for ein assist til Espen Rosø si 0-2-scoring. Dette vart også pauseresultatet.

Klare for toppkamp

I andre omgang punkterte Kristian Lefdal det vesle håpet heimelaget kunne ha om poeng, med å legge på til 0-3 åtte minutt før full tid. Dale fekk sitt trøystemål på overtid, og då var kampen for lengst avgjort.

No ventar toppkamp heime mot Fjøra komande laurdag.

– Det er jo ein sekspoengskamp. Med siger vil vi vere likt på poeng, og med tap vil Fjøra ha ei luke på seks poeng. Alle har jo tippa Fjøra som serievinnarar, så dette blir ein av veldig få kampar der vi ikkje er førehandsfavorittar, seier Eid-trenaren, som kan opplyse at Eid vil mangle svært sentrale Simen Lefdal mot Fjøra på laurdag, på grunn av reise.

– Vi skal uansett gå for siger, lovar han.