Med tre scoringar vart Kristian Lefdal kampens store profil, då Eid vann 4-1 heime mot Stryn i kveld. Det var Håvard Holmøyvik som sende Eid i føringa 1-0, på ei heading etter eit hjørnespark frå Vebjørn Høynes. Då var det spelt 12 minutt av kampen. Etter drygt halvtimen spelt dobla Kristian Lefdal leiinga, og igjen var det Høynes som var servitør. Stryn reduserte ved Vegard Vatn Øvreberg, slik at pauseresultatet vart 2-1.

Men det vart ein ekstra lang førsteomgang på grunn av ankelskade på Stryn-spelar Håvard Kroken, som måtte fraktast til behandling med ambulanse.

Etter pause noterte Kristian Lefdal seg for to nye scoringar, medan det næraste Stryn kom var på eit straffespark. Det redda Eid-keeper Sander Torheim meisterleg.

Resultat 4. divisjon Sogn og Fjordane:

Eid-Stryn 4-1

Kaupanger-Studentspretten 2-1

Skavøypoll-Tornado Måløy 3-4

Årdal-Fjøra 0-0