Det sa Dan Jøran Hafsås, trenar for Eid sitt herre lag i fotball, etter at laget hans rundspelte Bremanger etter alle kunstens reglar på Eid Idrettspark laurdag ettermiddag.

–Det er stor skilnad på det vi presterte mot Bremanger i fjor, og det vi gjer i dag. I fjor leia Bremanger kampen med 2-0 til pause, og oppgjeret endå 2-2, seier Hafsås som legg til at både han som trenar og spelarane var skjønt einige om at berre tre poeng mot Bremanger ville vere godt nok.

Jamspelt først 20

Dei første 20 minuttane av kampen var rimeleg jamspelte. I løpet av denne perioden hadde Bremanger to målsjansar, den eine rimeleg stor. Eid hadde ein. Spelet gjekk stort sett føre seg mellom dei toi sekstenmeterane.

–Det vart for mykje «pirkling» med ballen, og ikkje nok tempo, sa Eid-trenaren rette før pause, utan å forklare konkret kva «prikling» var for noko. Men vi kan vere samde med trenaren i at begge lag mangla tempo.

Flotte kombinasjonar

Då klokka viste 23 spelte minutt kom det første målet. Midtbaneeleganten Simen Lefdal kombinerte sinnsjukt bra med bror Kristian Lefdal, og var siste av brørne på ballen. Her hadde ikkje Bremanger-keeper Kenneth Fosse Elde den ringaset sjanse til å avverje scoring.  Ti minutt seinare var det Kristian Lefdal sin tur til å vere sistemann på ballen. Simen Lefdal la inn frå venstrekanten, og Kristian stakk fram foten og lurte ballen i mål.  2-0 til heimelaget vart også resultatet etter dei første 45 minuttane på Eid idrettspark.

Målshow

Tolv minutt ut i andre omgang auka Espen Nødset Rosø Eid si leiing til tre mål. Espen gjorde det meste sjølv og sette ballen inn frå skrå vinkel. Sju minutt seinare var det Vebjørn Høynes sin tur. Keeper måtte gje retur på eit skot frå Kristian Lefdal, og Vebjørn var på rette plass til rette tid og dunka ballen i mål. Vebjørn Høynes starta ikkje kampen denne gong på grunn av at han hadde ein liten skade i ankelen. Han kom inn etter vel ein halvtime i første omgang.

Kristian Lefdal avslutta målshowet for Eid, med å sette inn 5-0 og 6-0 frå det 81. til det 83. minutt. Kristian noterte seg med det for tre mål i kampen.

Kampfakta:

Eid – Bremanger 6-0 (2-0)

Eid Idrettspark

Publikum: Cirka 130

Dommar: Torgeir Halsen, Vanylven Fotballklubb

Ass. Dommarar: Olav Kirkeeide Næss, Stryn T&IL og Erik Koopmans, Sandane Turn og Idrettslag

Gule kort: Eirik Førde Rylandsholm, Bremanger, Martin Igland Senneset, Bremanger, og Daniel Haus, Eid.

Mål:

23.min. 1-0 Simen Lefdal

34.min. 2-0 Kristian Lefdal

57.min. 3-0 Espen Nødset Rosø

65.min. 4-0 Vebjørn Høynes

81.min. 5-0 Kristian Lefdal

83. min 6-0 Kristian Lefdal

Eid: Sander Torheim Frislid, Arild Rindal, Adrian Hagen Henden, Espen Nødset Rosø, Henning Haugen, Daniel Myklebust, Marius Endestad Henriksen, Daniel Haus. Simen Lefdal, Kristian Lefdal og Joakim Frislid Vedvik. Innbytarar: Erik-Andre Quiros Røysen, Kristian Årskog, Vebjørn Høynes, Eirik Wik Leite og Håvard Holmøyvik Holmøy.

Bremanger: Kenneth Fosse Elde, Vidar Senneset, Jan Rune Nigardsøy, Håvard Redal Mjølkeråen, Martin Igland Senneset, Martin Svarstad, Håvars Nødset Rosø, Eirik Førde Rylandsholm, Tore Førde Rylandsholm, Kristian Klakegg Hauge og Anders Nilsen Midthjell. Innbytarar: Kristoffer Lågeide, Simen Svarstad, Ibrahim Ali Ahmed, Roy Atle Igland, Walter Jr. Høyvik og Sivert Mikal Kalkegg Hauge .

Resultat 3. runde Kretsligaen

Eid - Bremanger 6-0

Vik - Tornado Måløy 2-1

Skavøypoll – Studentspretten 2-0

Årdal – Stryn 4-2

Fjøra – Dale 4-0

Kaupanger – Florø 2  6-1

Tabell Kretsligaen

LagKamparSUTMålPoeng
Fjøra330010 - 39
Kaupanger330012 - 39
Årdal32016 - 56
Vik31204 - 35
Eid31119 - 54
Florø 231117 - 84
Studentspretten31114 - 44
Bremanger31113 - 74
Stryn31029 - 83
Skavøypoll31023 - 73
Tornado Måløy30033 - 70
Dale30032 – 120
Simen Lefdal styrte Eid sin midtbane på ein fantastisk måte, i tillegg var det han som opna målkalaset mot Bremanger. Foto: Tormod Flatebø
Vebjørn Høynes starta ikkje kampen, men han kom inn etter at laga hadde gjort unna vel ein halvtime. Vebjørn scora eitt mål og bidrog til at det vart meir tempo i spelet. Foto: Tormod Flatebø