Etter fjorårets suksess arrangerte Eid IL Fotball måndag sin eigen Kick Off for barnefotballen på Nordfjordeid – der seks til 12-åringar boltra seg på Eid Idrettspark.

– Her er mange smil, og mange som tydeleg gleder seg over fotballstart, konstaterer Dan Jøran Hafsås. Det var A-lagsspelarane som stod for regien denne treningskvelden, der fokus var fotballglede. Målet er å skape fellesskap blant dei ulike laga.

– Det er også kjekt å sjå at mange foreldre er med, bryr seg og er med på ein slik dag, seier han.

MØTE: A-lagskeeper Sander Torheim Frislid her i prat med ein gjeng unge jentespelarar. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
DUELL: Speleglede hos dei unge Eidajentene. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Små og store: Små og store fann tonen på bana. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Tull og tøys: Litt tull og tøys høyrer også med når ein skal ha det kjekt med fotballen. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Hopp: Hopp og sprett er også god trening. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Mange: Sportssjef i Eid IL Fotball og trenar for A-laget herrar, Dan Jøran Hafsås, gledde seg over fotballstart for små og store. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Iver: Mange ivrige unge spelarar var samla på idrettsparken måndag kveld. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Speleglede: Her er det seks og sjuåringane i Eid IL som er i heftig duell med ballen. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
GLEDE: – Her er det mykje glede over at fotballen endeleg er i gang, seier Dan Jøran Hafsås. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
LEIK: Smila kom fram med ulike leikar på bana. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Fellesskap: – For mange er dette første møte med fotballen, seier Dan Jøran Hafsås. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Hurtigheit: Gode fotballspelarar må også trene hurtigheit. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Spenst: Spensttrening på fotballbana. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Endeleg: ventetida har vore lang for mange, men endeleg er fotballen i gang igjen også for dei yngste. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes