Fredag kveld var det klart for den individuelle kvalifiseringa, med påfølgande finale, der dei åtte med høgast poengsum etter seksti skot på ti-metersbanen, gjekk til finale. Ingen av dei norske riflekvinnene i EM greidde å kome blant dei åtte finalistane. Regine Nesheim sin poengsum vart 616,6 poeng, noko som heldt til ein 65. plass blant dei 84 deltakarane.

Beste resultat i kvalifiseringa var på 628,4 poeng. Regine var med dette resultatet 8,4 poeng frå finale.

Best av dei norske var Sina Busk på 42.plass med 620,5 poeng, det var 4,5 poeng frå finale. Karoline Hansen kom på 59. plass i kvalifiseringa med 617,9 poeng

Regine og resten av laget får ein ny sjanse i lagkonkurransen som går på søndag.