Dette gjorde 16-åringen på sprinten laurdag. Her skaut han feilfritt på dei to skytingane, og gjekk i mål på tida 13 minutt og 29 sekund.

Dette var akkurat same tid som Mathias Sørnes, Lier IL, som dermed delte sigeren med Bendik Vereide. Sørnes hadde tre bom på standplass.

På tredjeplass kom Oscar Engelien, Fet SK, fire sekund bak dei to vinnarane. Han pådrog seg éin strafferunde på dei to skytingane.

Sprint og normal

Kvalfossprinten er eit av dei store nasjonale renna i skiskyting. Rennet i nasjonalarenaen Holmenkollen består av sprint laurdagen og normaldistanse søndagen.

På sprinten er det to skytingar med 100 meter strafferunde per bom. På normalen er det to skytingar med 30 sekund tillegg i tida per bom.

Kvalfossprinten er for gutar og jenter i klassane 13–16 år.

Bronse til Skeide Bakke

Medan Bendik Vereide lukkast maksimalt på sprinten, var han tilsvarande uheldig på normalen. Her enda han på 44. plass av dei 70 deltakarane, etter å ha bomma på fem av ti skot på standplass.

Magnus Skeide Bakke, Eid IL, vart nr. 20 på sprinten i klasse gutar 15 år etter fem bom, men revansjerte seg kraftig på normalen søndag. Her gjekk han seg inn til tredjeplass, trass i to bom på standplass. Skeide Bakke var 38 sekund bak vinnaren Jakob Lundby, Østre Toten Skilag og 19 sekund bak andremann Vetle Meli Narjord, Os IL. Dei hadde høvesvis éin og null bom.

Det var tett på 100 deltakarar i klasse gutar 15 år.

Fleire lokale

Fleire skiskyttarar frå Stårheim IL og Eid IL deltok i Kvalfossprinten i helga.

I klasse gutar 16 år vart Ask Haughovd, Stårheim IL, nr. 25 på sprinten og 54 på normalen.

I klasse gutar 15 år deltok Stårheim-løparane Patrick Isene og Kasper Mundal. Isene vart nr. 33 på sprinten og 50 på normalen. Mundal vart nr. 35 og 22.

I klasse gutar 14 år vart Emilian Henden, Eid IL, nr. 58 på sprinten og 72 på normalen. Her vart Trygve Myrold, Stårheim IL, nr. 12 og 34.

I klasse jenter 16 år vart Oselie Henden, Eid IL, nr. 23 på sprinten og 22 på normalen. Her vart Ingrid Heggen, Stårheim IL, nr. 11 og 14.

I klasse jenter 13 år vart Frøya Haughovd, Stårheim IL, nr. 5 på sprinten etter feilfri skyting, og nr. 9 på normalen.

Magnus Skeide Bakke (Eid IL) tok bronse på normaldistansen søndag. Foto: Privat