Åge på toppen av pallen

Åge Solheim gjer stadig gode resultat i alpint. Laurdag gjekk Haugen-løparen heilt til topps i eit FIS-renn i storslalåm i svenske Åre.

Åge Solheim, Norge og Haugen IL Alpint, gjekk heilt til topps FIS-rennet i storslalåm i Åre i Sverige laurdag. (Arkivfoto.)  Foto: Privat

Sport

Etter første omgang låg Åge Solheim på andreplass, to tidels sekund bak lagkamerat Olav Engelhardt Sandeberg. I den andreomgangen hadde også Åge nest best tid av dei startande, men Didrik Langmoen Nilsen som hadde best omgangstid i andre omgang hadde for dårleg omgangstid i den første omgangen til å hamler opp med Haugen-løparen.


I dag, søndag 18. desember, er det nytt FIS-renn i storslalåm. Etter første omgang er det Åge Solheim som toppar lista 0,11 sekund føre svenske Ludwig  Cassman, som vart nummer seks i laurdagens storslalåmrenn.

Åge greidde ikkje å følgje opp i andre omgang i dagens storslalåm, og enda til slutt på sjette plass.


Resultatliste:

Resultatlista viser dei seks beste under laurdagens storslalåmrenn, omgangstidene, samanlagt tid, og tidsskilnaden mellom løparane samanlagt i dei to omgangane.


1. Åge Solheim, NOR,   52.09,  55.32,  1:47.41    

2. Olav E. Sandeberg, NOR,  51.89,  55.7,5  1:47.64  +0.23 

3. Joona  Piirainen, FIN,   52.64,  55.56,  1:48.20,  +0.79

4. Gustav Rosberg Voello, NOR,   52.40,  55.82,  1:48.22,  +0.81 

5. Didrik Langmoen Nilsen, NOR,   53.16,  55.21,  1:48.37,  +0.96 

6. Ludwig  Cassman,  SWE,   52.57,  55.83,  1:48.40,  +0.99