Sak oppdatert med nye bilde.

Tider for jaktstart søndag

11.00 Start kvinner senior - TV sending på TV2 Sportskanalen.

11.40 Start menn senior - TV sending på TV2 Sportskanalen.

14.00 Start M19, M18, M17, K19, K18 og K17.

NM i Rulleskiskyting i Vik

Sigrid Flo Bødal frå Stårheim IL vart best i klassa K18 sprint, og Johan-Olav Smørdal Botn vart nummer tre og tok bronsen i M18 sprint. I morgon er det jaktstart og begge har gode sjansar på nye medaljar.

Gratulerer med gullet, fortel litt om løpet:

– Takk.I dag gjekk det bra i sporet, eg følte meg pigg i kroppen. På første skyting bomma eg på to, og trudde løpet var køyrt. Eg måtte likevel halde oppe tempoet, fordi det kunne gå bra med berre åtte treff. Eg fokuserte på det eg skulle gjere, og gjekk fort på siste runde, seier Sigrid Flo Bødal.

Korleis ser du på morgondagens jaktstart?

– Eg må berre tenkje på meg sjølv og gjere oppgåva. Eg har god sjanse om eg berre får ned blinkane. Eg veit eg klarar det bra i sporet, seier ho.

Denne helga arrangerast NM i Rulleskiskyting i Vik. Og frå Eid deltek seks stykke. Isak Flo Bødal (M senior), Johan-Olav Smørdal Botn (M 18), Heidi Flo Bødal (K senior), Mari Sollid Eide (K senior) og Sigrid Flo Bødal (K 18). Frå Eid IL deltar Elise Skeide Bakke (K 19). Konkurransane laurdag og søndag blir sendt både direkte og i opptak på TV2 Sportskanalen.

Resultat sprint laurdag

Frå Stårheim IL1. Sigrid Flo Bødal (K18) 3. Johan-Olav Smørdal Botn (M18)22. Heidi Flo Bødal (K Senior)23. Mari Solli Eide (K Senior)22. Isak Flo Bødal (M Senior)

Eid IL12. Elise Skeide Bakke (K19)

Johan-Olav Smørdal Botn på bronseplass. Foto: Nordfjordteam skiskyting
1. Eirik Kjøl Tornes, 2. Lars Hammernes Leopold, 3. Johan-Olav Smørdal Botn. Foto: Nordfjordteam skiskyting