– På 1. trinn nyttar vi alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) gjennom symbol og teikn til tale i kvardagen. ASK er for menneske med manglande eller nedsett talefunksjon, men vi ser at alle har stor nytte av dette. Dette gjeld til dømes fleirspråklege, små barn eller sjenerte barn. Det er også til stor nytte for oss som lærarar, då det er ei god støtte til å formidle beskjedar på ein tydeleg måte., fortel Nordfjordeid skule.

Foto: Nordfjordeid skule

ASK er eitt av satsningsområda til Nordfjordeid skule. Kommunikasjonstavler blir nytta for at elevar skal kunne gjere seg forstått, og fortelje kva dei ønskjer eller tenkjer på.

Og fredag var det opningsfest, der også 2. og 3. trinn, samt administrasjonen ved skulen, var invitert.

Det er desse trinna som delar uteområdet som har fått denne kommunikasjonstavla.

Rektor Anne-Grete Eikås stod for sjølve sløyfeklippinga. Foto: Nordfjordeid skule
Rektor Anne-Grete Eikås stod for sjølve sløyfeklippinga. Foto: Nordfjordeid skule

Rektor Anne-Grete Eikås stod for sjølve sløyfeklippinga. Etterpå vanka det både saft, kjeks og frukt til alle, sponsa av daglegvarebutikkane på Nordfjordeid.

– Det blir jobba med å få opp liknande kommunikasjonstavler på dei andre uteområda ved skulen. Kommunikasjonstavle til skulehagen vår er allereie under produksjon, fortel skulen.