Russepresident Jon Ivar Møll sin 17. mai-tale på Nordfjordeid 2022:

Eg vil gjerne starte denne talen med å gratulere dokke alle så mykje med dagen! 17. mai er ikkje berre fest og moro, men ein dag som skal minne oss på kor heldige vi er som har vår eiga grunnlov. Og at Norge er eitt av dei beste landa i verda, både å bu og leve i!

Etter nokre år med pandemi, som har begrensa russetida til kulla før oss, så er vi utruleg heldige som har fått ei mykje meir «normal» russetid! Vi har køyrt rundt i bilar med høg musikk og kraftig bass. På dåpen vår var det rundt 100stk, alle samla, og full fest etter vi hadde fått russenavna. Natt til 1. mai fekk vi óg lov å arrangere eitt stort og veldig vellykka arrangement. Russestyret booka inn SJUR. Eidarussen inviterte 300 russ frå heile Nordfjord. Dette har russestyret spart pengar til gjennom russetida, så det vart eitt bra og veldig billig tilbod til russen i området rundt! Arrangementet fekk mykje skryt av andre russ, både at vi fekk til noko for all russen, og at organiseringa var trygg og god. Med ein gang fylkestreffet på Breim vart avlyst, heiv vi oss rundt å fekk til dette. Vi vil veldig gjerne takke Plassens Venner for at vi fekk lov å være der vi var. Vi vil takke Malakoff Rockefestival for veldig mykje hjelp av både utstyr og med booking. Vi vil også takke politiet, fordi dei har vert snille med oss russen, som har vore «lovleg» seint ute å gje beskjed om ulike ting. Vi vil også takke lærarane på Eid VGS for nokre flotte år! Dokke har ikkje berre gitt oss merknadar og fråvær, men kunnskap og erfaring som vi kjem til å ta med oss vidare i livet. Når det kjem til fråvær, så har det jo vore mykje av det i det siste. Her er der absolutt forbetringspotensiale! Så vi vil oppfordre regjeringa til å sette inn fråværsgrensa igjen til neste russekull slik at dei kjem seg på skulen, sjølv i russetida! Men vi, Eidarussen 2022 har hatt det veldig greitt! Nesten ingen pandemi, ingen eksamen og heller ingen fråværsgrense, så da er det ikkje eitt sjokk at det går litt for hardt for seg i vekedagane! Så no framover, altså dei 15 resterande skuledagane av skulegangen, så skal vi skjerpe oss og møte opp til timane!

Russerevyen vår vart en stor suksess! Vi hadde to revysjefar som fekk litt hjelp her og der, men dei to starta på manuset sjølv om vi ikkje visste at vi fekk lov å ha revyen! Vi var veldig heldige som fekk dette gjennom, og vi var faktisk det første showet i operahuset etter korona med publikum, for ja, det var litt av eitt show!

I år har russestyret og valt å ha ein eigen inkluderingssjef. Det har jo vore mange saker om å inkludere i russetida, og vi her på Eid, med ein eigen inkluderingssjef, så har vi kome godt ut av dette! Oppgåva hennar har vært å dra med seg folk, kanskje spesielt dersom ho ser nokon stå litt aleine/utafor.

Vi gjorde ein bra innsats med krafttak mot kreft aksjonen. I fjor vart det ikkje mogleg å gå rundt frå dør til dør grunna pandemi, men i år kunne vi gjere det. Dette bidrog sterkt til at vi fekk samla inn 102 263 kr. Vi var ikkje langt ifrå å slå rekorden her på Eid, men likevel fornøgd med innsatsen vår!

Som dokke ser har russetida vore full av mykje moro, stort fellesskap, gode arrangement og full friheit utan koronareglar og meteren. Dette har vert ei fantastisk avslutning på ungdomstida. Det har skjedd mykje forferdelege ting i Ukraina. Det kjem til å prege verda i lang tid. Vi kjem til å hugse at det var det året vi var russ. Vi er mykje heldigare enn kva vi egentleg trur, og vi bør tenke oftare på det.

Vi er mykje heldigare enn kva vi egentleg trur, og vi bør tenke oftare på det.

Derfor synst eg at vi skal være ekstra glad i 17. mai og Norge. For vi er så heldige som har eit godt fungerande demokrati, der alle borgarar har dei same rettane for alle! Eit land der alle kan vere med å bestemme korleis landet skal styrast på grunn av allmenn stemmerett. Vi var faktisk ein av dei første i verden som tilførte dette, og det er noko å være stolt over, stolt over Norge og vår historie! Så resten av dagen mens vi feirar 17. mai, så kjem vi russen til å ha Ukraina litt i tankane våre, sjølv om dette er Norge sin dag. Det vi tar med oss vidare er at kampen om å halde på vårt fantastiske land aldri er over, og vi husker ekstra godt på det ved å feire i dag. Så kos dokke alle saman, og feir! Takk for meg, Jon Ivar Møll, og resten av den fantastiske Eidarussen 2022!!

Russen på Eid vgs. er slitne, men godt fornøgde med årets russefeiring. Foto: Anna Wuttudal