Fleire har allereie kontakta Fjordabladet etter det dei beskriv som buldring og risting i huset. Nokon meiner det høyrde ut som ein trailer buldra inn i huset.

Det var klokka 12.03 ein merka godt jordskjelvet i heile Nordfjord. Vi får også tilbakemeldingar frå Søre Sunnmøre at ein merka jordskjelvet godt også der.

– Ikkje måte på kor huset rista, melder ein lesar frå ytre.

Ein annan konstaterer at det er bra at fjella står fjellstøtt endå.

Astrid Sætre Rake melder at huset rista godt i Stryn.

– Her i Ervikbygda også, og lenge, fortel Anne Liv Ervik.

– Naustdal Haugen, her kjente vi det veldig. Det skramla i gassomnen og vibrerte under beina. Blei nesten redd siden vi har riksvegen rett oppfor huset.!!, melder Gerd Kvernevik.

– Rista godt, konstaterer Arne Helge Seljen.

– Begynte som eintydig ala traktor, auka i styrke. Klirra godt i peishylla. Varte ca 20 til 30 sekunder, melder Knut Erik Bjørnholt.

Merka du noko?

emsc.eu melder på sine nettsider at det var eit jordskjelv med styrke 3,3 , 131 km nord for Bergen. Det skal ha vore 31 km vest for Florø.

No melder jordskjelv.no at det blei registrert med ein styrke på 3,9 - noko som er kraftig i norsk målestokk.