Eksponering er viktig i dag, og denne klassa skal også innreie Smarthuset som no er under bygging utanfor skulen.

– Det vert jobba ein del med dette i år, for her skal det alltid vise det som er trendy, fortel dei, og viser fram kva tapet og fargeval ein har valt innvendig for Smarthuset.

Etter vg1 Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign kan du gå vidare på vg2 Interiør og eksponeringsdesign. Dette er eit kreativt fag der du får jobbe med det du interesserer deg for innan interiør, profileringsdesign og eksponeringsdesign/utstillingsdesign.

Figurar til superlærlingane i Nordfjord vert laga ved vg2 Interiør og eksponeringsdesign. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Her får du arbeide med reelle oppdrag mot lokalt næringsliv, og ein har utstyr til å hjelpe lokalt næringsliv med profilering på bilar, kontorveggar eller med logo. Du får planlegge eit interiør, lage bilreklame, skape spennande vindaugsutstillingar og bruke folieskjærar og laserkuttar. Ein er også med på å lage modell for operaen til hausten.

Denne linja er for deg som er kreativ, estetisk anlagt og er interessert i å arbeide med hendene.