Dette gjer dei truleg til «størst på is» i Sogn og Fjordane. Sydover må ein nok til Bergen for å finne like stort utval, og ein trur det ikkje er noko tilsvarande verken i Ålesund eller Molde.

– Is er alltid populært, og no har vi utvida sortemanget frå Hennig Olsen, fortel ei svært fornøgd kafedrivar Anita Førde.

Is er alltid populært.

Dermed kan Sjøkanten Cafe freiste deg med 26 sortar kuleis, softis og milkshake i mange forskjellige smakar.

– Kundane har tatt imot det utvida tilbodet svært positivt, men det går framleis mest i standardsmakar som oreo og jordbær, seier ho.

– Men fleire let seg frist av nye smakar som Smil og Japp. Folk er villige til å prøve nye smakar. Det går jamt og trutt av det meste, og så går det alltid mykje sorbe, seier Førde.

– Mange cruiseturistar er innom på Nordfjordeid. Ser de noko av dei? – Ja, her kjem mange cruiseturistar. De spør gjerne etter cappuccino, is, vaffel eller svele. Men av is er det gjerne softis dei vil ha. Det går det mykje av, smiler ho.