Vegen vart opna for normal ferdsel klokka 11, skriv Vegtrafikksentralen vest på X, tidlegare Twitter.

Det var klokka 1.21 natt til torsdag at Vest politidistrikt melde om eit mindre steinras som trefte ein lastebil. Ingen vart skadde, og lastebilen køyrde vidare.

Ein times tid seinare melde Vegtrafikksentralen vest at det dreidde seg om ein større stein og nokre mindre som har hamna i vegbana. Ved 3-tida vart vegen meld stengd.

(©NPK)