Countrytreff har vorte fast tradisjon, og dette vert det 27. i rekkja.

– Vi er igjen klare for å lage countrymagisk stemning på Norsk Countrytreff. Bli med å slå ut håret i lag med oss i tidsrommet 12. til 16. juli, inviterer arrangøren.

Det pleier å vere mykje folk under konsertane alle kveldane på countrytreffet på Breim. Foto: pressefoto: Runar Sandnes/NCT

28 band

28 band er klare for countrytreffet på Breim. Hit kjem mellom anna Josh Turner, Dale Watson, Vassendgutane, Gunslingers, Byting, Ward Hayden & The Outiers, Nick Chandler & Delivered, Silver Lining, The Norther Belle, Embla and the Karidotters, Erlend Gunstveit, Steffen Jakobsen, Arthur Stulien og Country Cult. I år går ein tilbake til røtene på Norsk Countrytreff. Opningskonserten er flytta til Breimshallen, og i år kjem G. Thomas, Steinar Albrigtsen & Monika Nordli, for å gjere showet sitt «True Country».