Dette er 6,8 prosent lågare enn same kvartal i 2023, og heile 15,4 prosent lågare enn første kvartal i 2014, viser tal frå Nav.

Nedgangen kjem mellom anna av høgare opptening blant yngre aldersgrupper.

Blant kvinnelege pensjonistar fekk 20,3 prosent minstepensjon, ned frå 22,4 prosent i same kvartal i fjor. Medan delen mannlege minstepensjonistar har halde seg relativt stabil dei siste ti åra, har det vore ein kraftig nedgang blant kvinner.

Flest menn tek tidleg pensjon

Meir enn kvar femte vaksen busett i Noreg i mars 2024 er alderspensjonist, og auken frå første kvartal 2023 er 2,1 prosent.

41,7 prosent av nye alderspensjonistar i første kvartal valde å pensjonere seg før fylte 67 år. Dei fleste av desse var 62 år.

Fleire menn (52,3 prosent) enn kvinner (30,1) valde å pensjonere seg tidleg.

– Dette må sjåast i samanheng med at mange kvinner har lågare opptening enn menn og dermed ikkje har høve til å starte tidleg uttak, og at fleire kvinner allereie får full uføretrygd eller andre pensjonar og trygdeutbetalingar, skriv Nav.

Lågare kvinnedel

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) peikar på at ein stadig lågare del er minstepensjonistar er kvinner. Grunnen er at arbeidslivet har vorte meir likestilt.

– Vi har bygd vidare på dette, ved å innføre tenestepensjon frå første dag og første krone. Dette gir betre opptening for pensjonistane i framtida, seier ho til NTB.

Ho understrekar at sjølv om det blir færre minstepensjonistar, så skal alle ha noko å leve av. Derfor har regjeringa prioritert å auke minstepensjonen, seier ho vidare.

– I fjor vart minstepensjon for einslege auka med 4000 kroner. Pensjonistane fekk eitt rekordgodt oppgjer i 2023, og pensjonane auka med 8,5 prosent.

(©NPK)