– I samarbeid med norske bønder har Felleskjøpet gjennom fleire år samla inn og sendt hundrevis av tonn med rundballeplast til resirkulering. Prosjektet med innsamling av storsekkar starta i Østfold i 2022. Då samla vi inn 22 tonn til resirkulering. I år er ambisjonen vår å samla inn 200 tonn storsekker, seier Fredrik Stenseth Ruud, produktsjef i Felleskjøpet Agri.

Det aktuelle tidsrommet for innlevering i Sør – og Aust-Noreg er i veke 25 (17.-22. juni), medan innsamlinga på Vestlandet og i Nord-Noreg tek stad i veke 34 (19.-24. august).

– I desse to periodane set vi ut containerar ved alle våre avdelingar. Her kan det leverast storsekkar kostnadsfritt. Det vil vera mogleg å levera storsekkar i opningstida til den enkelte avdeling i dei nemnde periodane, seier Ruud.

Etter at sekkane er samla inn, skal dei pressast saman og sendast vidare til resirkulering. Her vil mottakaren av plasten riva han opp, og laga granulat. Deretter kan han brukast på nytt i produksjon av til dømes nye storsekkar, bøtter, pallar eller fritidsbåtar.

– Det er viktig at sekken er rista rein. I tillegg kan ei praktisk løysing til dømes vera å leggja ni storsekkar opp i éin sekk.

– Sekkane kan vera frå oss eller andre leverandørar. Vi tek imot alt, seier Ruud, og understrekar at alle bønder i områda der Felleskjøpet Agri har aktivitet, er inviterte til å levera inn sekkar.

(©NPK)