Det er tre år sidan sist det var stor Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid.

Er du på Malakoff denne helga? Send oss gjerne dine bilde frå festivalhelga anten om du er frivillig, jobbar, eller er festivaldeltakar. Kanskje er det stemningsbilde, konsertbilde, eit bad i fjorden eller eit kult antrekk eller eit festivalpynta telt?

Bilda vert lagt ut på Fjordabladet si nettside og i papiravisa.

Bilda kan du sende til redaksjon@fjordabladet.no eller olin.yri@fjordabladet.no, eller du kan bruke #fjordabladet på Instagram. Skriv gjerne ei setning om kva som skjer på bildet og fotograf.

Tusen takk til alle som sender inn sine bilde.