Terje Gilleshammer er tilsett som ny kommunikasjons- og strategidirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, melder NRK.

– Det har vore 19 fantastiske år i NRK med eit oppdrag eg brenn for. Men no kom dagen då eg hadde lyst å prøve noko nytt. Frå mars får eg rolla som kommunikasjons og strategidirektør i Lotteri og stiftelsestilsynet, skriv han på si eiga Facebookside.

Gilleshammer kjem frå stillinga som redaksjonssjef i NRK Vestland. Han var distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane frå 2016 til 2019.

Han er født i 1978 og kjem opprinneleg frå Kjølsdalen i Stad.