I jobben har Kristi Marie Skrede reist saman med kongefamilien på fleire statsbesøk. Her er ho saman med kronprinsesse Mette-Marit under ei reise til India i 2010. Foto: Bengt Kristiansen, NRK. / NPK

Frå lokaljournalist til royaljournalist

Det var ikkje mykje kongeleg over oppveksten til Kristi Marie Skrede i Nordfjord, men det er få som har vore like tett på kongefamilien som ho dei siste åra.