– Veldig spennande, både med nytt tilbod og samarbeid med andre, seier dagleg leiar i In Via Geir Peder Ueland. Saman med dei andre arbeids- og inkluderingsbedriftene i fylket vann dei anbodet om tiltaket «Arbeidsretta rehabilitering».
In Via kan no tilby tiltaket «Arbeidsretta rehabilitering» i Nordfjord. - Eit spennande tiltak og samarbeid med dei andre bedriftene i fylket, seier dagleg leiar Geir Peder Ueland (bak til venstre). Her saman med avdelingsleiar på Eid Ester Andreassen (framme til venstre), og rådgjevarane Jan Arve Søvde og Vibeke Rand.