Av Olaf Sigurd Gundersen, sokneprest i Eid:

Gultingslova slår fast at det er plikt å bryggje til jul. Den som ikkje gjer det, vert straffa med bøter.

Skjer det fleire år på rad, vert det landsforvisning og inndraging av gard og grunn. Kvifor?

Alle skulle få del i julegleda. Bygda var så tett vevd saman , at visste dei om ein som ikkje bryggja til jul, øydela det gleda for alle.

Slik vi har erfart at ein person på festen har øydelagt heile feststemninga. Engelen sa jo at det var ei glede for alt folket. Så til Jesu fødselsdag høyrde det med øl.

I dag er det ikkje øl ein satsar på for å skape juleglede. Det er pynt og gåver. Ein dugnad for gleda som startar alt i oktober. Ei forventning, nesten plikt, til å vere glad.

Lys, glitter, nissar og englar daler ned i skjul som eit gjenskin frå den merkelege natta i Betlehem, som skremde gjetarane.

Så vart det mørkt igjen. « Då englane hadde forlete dei,» står det at då tok dei i veg.

Gjetarane var på den same velkjende jorda.

Den verda englane hadde forlete, var ei verd full av krig og motsetningar.

Vi kjenner også fortviling over krig og terror. Englane har forlete oss. Dei gav oss draumen om fred, som vi aldri må gje slepp på.

Jula sin bodskap er at Gud vart menneske, og gjorde det nytt å vere menneske, utan å ta menneska si naud frå dei. Ingenting vart forandra, men alt vart nytt. Gud kom til verda og kom inn kjellardøra.

Det var den mørkaste dagen i året.

Dyra stod og tygde drøv. Hunden hadde krølla seg saman. Grua gav frå seg lys og varme.

Og der sat nokre av dei første nordfjordingane og tala stilt saman. Ut på kvelden var det ein som gjekk ut om nova. Det kom ei rift i skydekket.

Ei stjerne blinka mot han. Han gjekk inn til dei andre og sa: Ei stjerne er fødd i Austerland. No er ein frelsar fødd.

NEI, det sa ingen. Det skulle gå over 800 år før Myklebustskipet med nyhende nådde fram til Sagastad.

Då var dei gamle husa for lengst brent ned, og grunnen dekt av jord. Berre stolpehola er å finne igjen frå husa med utsikt utover Eidsbukta frå før vår tidsrekning tok til.

No køyrer bilane forbi på vegen. Folk skal heim. Kven vert no fødd i naud på ein framand stad?

«Det som de gjer mot ein av mine minste, det gjer de mot meg» er Jesu ord.

Dei som gjer det er menneske som Gud har hugnad i.

Gleda veks når ho vert delt. Så la oss dele gleda og gje rom for omsorg for dei som vi ikkje har rom for og så lett stengjer ute. Brygg på det gode til jul, og aus det ut.

Gledeleg jul!