Utpressing på nett er ikkje nytt, men før var dette oftare berre ein trussel, skriv Frende Forsikring i ei pressemelding.

Ifølgje dei er det ein aukande trend at hackarar bruker passord-knekkjande teknologi for å få tilgang til private bilete på Snapchat. Offeret får så tilsendt ein sms med kopi av biletet, og blir trua til å betale for at det ikkje skal bli spreidd vidare.

Sjølv om ein betaler det hackarane ber om, er det ingen garanti for at dei sluttar med utpressinga og lèt deg vere i fred, ifølgje forsikringsselskapet.

– Vi har snakka med unge menn som har betalt fleire gonger, men som likevel blir pressa til å betale meir, seier Tina Jerstad i tryggingsselskapet Tenerity.

Ho rår offer for denne typen svindel om å melde forholdet til politiet, og til ikkje å betale det svindlarane ber om.

– Hugs å dokumentere alt. Ta vare på meldingar du får, ta skjermbilete eller ta opptak av skjermen for å sikre bevis på at det har skjedd noko kriminelt.

(©NPK)