– For meg handlar klokker om fleire ting. Først og fremst fascinasjonen for design, og at det ikkje er så mange som jobbar med dette i Norge i dag. Så har det også noko å gjere med at mykje av det vi omgjev oss med i dag er digitalt. Då er det godt at noko er analogt, noko som varer lenger enn deg sjølv, seier Anders Drage. Foto: Privat

Klokka kosta ei halv gjennomsnittleg årslønn, og det finst berre eitt eksemplar av den

Han har det i blodet. Som så mange andre frå Stadlandet har han fått erfare at skal ein få ting gjort, så må ein gjere det sjølv.