Av Gunnar Silden, for styringsgruppa for Stad skipstunnel:

Redningsselskapet og Hovudredningssentralen har no gitt sine fråsegner om viktigheita for at Stad skipstunell må byggjast, for å få ein sikker og saumlaus seglas for alle dei 11-12.000 fartøy som årleg bruker den indre skipsleia forbi Stadt.

Dei to selskapa RS og HRS i lag med Sjøforsvaret (som har vist til den strategisk fordelen i ei konflikt), har no stadfesta kor viktig  Stad skipstunell er for desse maritime gruppene som opererer langs vår langstrakte kyst.

Vi håper med dette å vise kor viktig Stad skipstunell  er for heile den norske maritime næringa, og at den  ikkje blir satt meir på vent, men at arbeidet fortset med full styrke.

Hovudredningssentralen understrekar viktigheita av nødvendige tiltak og ressursar på plass for å handtere eventuelle hendingar som kan oppstå. Dette er element som Kystverket også er opptatt av.

Her er fråsegnene frå RS og HRS:

Redningsselskapet er positiv til alle tiltak som kan bidra til å  bedre sikkerheita langs kysten.

Stadt skipstunnel er i så måte eit svært spannande prosjekt som vil kunne bidra til å redusere risikoen knytt til passering av Stadthavet.

Vi har ikkje inngåande innsikt i dei analyser som ligger til grunn for korleis ein skipstunnel i framtida vil påverke fritidsflåten, fiskeri og annan kommersiell trafikk langs dette værutsette området, men antar likevel at ein skipstunnel på Stadt vil kunne bli eit reisemål i seg sjølv.

Det er derfor naturleg å anta ein trafikkvekst i området, noko som igjen vil kunne vere argument for at RS  framleis er i området, men med potensielt andre typar kapasitetar eller eigenskapar.

Redningsselskapet følger prosessen og dei politiske beslutningane  knytta til ein komande skipstunnel, og vil alltid følje opp  å dimensjonere vår beredskap for å imøtekomme dei til ein kvar tid gjeldande behov. Redningsselskapet vil inntil vidare fortsette å alternere mellom stasjonane i Måløy og Florø, og vil i løpet av året styrke vår beredskap i området med ei skøyte med noko auka slepekraft og betre sjøeigenskaper.

Hovudredningssentralen erkjenner viktigheita av sjøtryggleik og ser både fordelar og risiko knytt til Stad skipstunnel. Som ei generell haldning støttar me infrastruktur som bidreg til å sikra og forbetra tryggleiken til sjøfarande. Ideen om å tilby ei alternativ rute for mange fartøy ved å unngå den utfordrande havstrekninga utanfor Stadt er god. Likevel må me også erkjenna at ein skipstunnel representerer ein innbygd risiko i seg sjølv.

Det er viktig å vera merksam på moglege utfordringar og hendingar som kan oppstå inne i tunnelen, til dømes skipsbrann eller behovet for anna redningsinnsats. Hovudredningssentralen er for ein trygg og effektiv maritim infrastruktur, men me understrekar også betydninga av å ha nødvendige tiltak og ressursar på plass for å handtera eventuelle hendingar som kan oppstå i ein slik skipstunnel. Slike utfordringar må grundig kartleggjast og handterast i alle fasar av eit tunnelprosjektet, inkludert prosjektering, utbygging og drift.

Det er difor Hovudredningssentralen sitt synspunkt at balansen mellom fordelane ved ei alternativ sjørute og risikoen knytt til tunnelen må vurderast.