Det seier Oddny og Helge Taklo som den 29. januar i år opplevde noko som vi andre har vanskeleg for å førestille oss, og som alle håper å få sleppe. Etter store nedbørsmengder vart det utløyst skred i skogsbilvegen ovafor heimen deira på Taklo. Ein del av skredet stoppa i husveggen deira. Saman med 45 andre bebuarar, frå 15 husvære i området, vart Helge og Oddny evakuerte. Dei fleste fekk flytte heim etter eitt par netter på hotell, men ikkje Oddny og Helge. Dei fekk først flytte heim ti dagar etter at skredet vart utløyst, og etter at geologar frå Norsk Geologisk Institutt (NGI) hadde vore og undersøkt området og forsikra seg om det var trygt for Oddny og Helge å flytte heim. Hendinga var sjølvsagt veldig traumatisk for dei to. Spørsmålet er korleis dei har det no etter å ha budd i heime på Taklo ein liten månad?

Folk har vist omsut

– Først og fremst vil vi seie at vi er veldig takknemlege overfor alle som har tatt kontakt med oss etter at raset gjekk 29. januar. Vi har blitt kontakta både på telefon, gjennom tekstmeldingar, messenger og ved at folk har kome på besøk. Tusen takk til kvar enkelt for all omtanken som er vist oss. No har vi vore heime sidan 9. februar og det går veldig fint med oss. Vi søv like godt om natta no, som vi alltid har gjort, seier Oddny og Helge.

Ingen skade på huset

– No er det rydda opp på utsida av huset. Jord, stein og trevirke frå raset er rydda bort. Er det skadar på huset?

– Det er ingen skader innvendig i huset, heller ikkje noko nemneverdig utvendig, bortsett frå ein platting på oversida av huset som vi måtte vi fjerne fordi den var skada og ikkje brukande lenger. Vi har også fått rydda mykje på sjølve eigedomen, og meir vert gjort dei komande vekene. Då står det berre att å vente på våren slik at planting og såing kan gjerast. Då har vi gjort det som står i vår makt. Vi forventar også at såra etter raset vert fjerna av dei som skal gjere det, og at det vert gjennomført sikring som hindrar at noko tilsvarande skjer igjen. Det til beste for heile bygda, seier Helge som har eit sentralt spørsmål som ikkje er svart på; Kven har ansvaret?

– Geolog Anders Solheim, frå NGI, seier i sin rapport at skredet på Taklo 29. januar vart utløyst i eit lågpunkt på skogsbilvegen, der det er eit markant sår i vegfyllinga på 7–10 meter breidde og 4 meter høgde på det meste inn mot vegbanen. Slik sett er det fastslått ein gong for alle kva som er årsaka.

-Det er heilt greitt, men det forskjell på årsak og ansvar, og det siste er det ikkje gitt noko klart svar på - enno, seier Helge.

Tok alt utvendig

Helge har budd i huset på Taklo heile livet. Det er barndomsheimen hans.

– I 2017 renoverte vi huset. Vi skifta tak, kledning, pipe, ytterdører og isolerte huset på nytt. Det er eg veldig glad for at vi gjorde. Hadde vi ikkje gjort det, så hadde nok huset fått store skadar då raset kom den 29. januar. Det var mykje skredmasse som vart liggande opp etter veggane, men med renoveringa vi gjorde i 2017 hindra vi at væte trengde seg inn bak kledningen. Det var ei kostbar renovering men heilt nødvendig, seier Oddny og Helge som i oktober 2022 bestemte seg for å flytte nærare familien.

– Vi har to barn som har etablert andre stader i landet. Sonen vår bur i Bærum saman med kone og to barn. Dottera vår bur i Førde saman med mann og to barn. Ingen av borna ønskjer å ta over huset på Taklo, seier Oddny og Helge som.

Sunnfjordingar

– Tida er inne for å fortelje at vi i oktober 2022 tok eit val som vi hadde vurdert lenge. Vi underteikna kjøpekontrakt på ny leilegheit som no er under bygging, og som vi skal flytte inn i neste år på desse tider. Dette har vi gjort for å kome nærare familien på våre «eldre dagar».

Vi er glade for at heile familien har støtta oss i valet om å gjere «Sunnfjordingar» av oss, og flytte til Førde. Når tida er inne vil eigedomen vår på Taklo bli lagt ut for sal. Dette vil bli gjort gjennom meklaren som vi alt i oktober 2022 hadde samtaler med om dette, seier Oddny og Helge som er usikre på korleis interessa vil vere på eigedomen etter skredet.

– Det er opplagt at det må gjerast tiltak etter skredet, og då vil nok dette bli den tryggaste staden å bu på Taklo.