Dagens kommunestyre har ikkje gjort det enkelt for sine etterkomarar
– Dersom helse- og omsorgssektoren i Stad kommune blir driven vidare med den strukturen ein har i dag, så vil det bli naudsynt å kutte mellom 25 og 30 årsverk om ein skal halde seg innanfor dei økonomiske rammene som ligg i kommunebudsjettet for 2023 og den økonomiske handlingsplanen for 2023-2026.
– Innspelet frå Stadlandet pensjonistlag kan vere ein god modell å bygge vidare på for Stad kommune. Men det må gjerast gjennom Bustadpolitiske handlingsplanen og definerast ytterlegare gjennom Helse- og omsorgsplanen, seier Lars-Svein Drabløs, leiar i Stad Eldreråd.
Foto: Tormod Flatebø