Det nærmar seg jul, og komande søndag er det 1. søndag i advent. Kanskje har du pynta inne og/eller ute, driv med julebaksten eller kosar deg litt ekstra i adventstida.

For å skape litt julestemning, ønskjer vi difor at du sender inn dine bilde frå adventstida anten til olin.yri@fjordabladet.no eller redaksjon@fjordabladet.no.

Legg gjerne ved bildetekst og namn på fotograf.

Du kan også bruke #fjordabladet på Instagram.

Bilda som kjem inn vil bli publisert på Fjordabladet sine nettsider og i papiravisa.

Har du ein hyggeleg video frå adventstida eller ei julehelsing kan du også sende den til olin.yri@fjordabladet.no, så vil vi dele den på våre nettsider.

Tusen takk til alle som sender inn. Ha ei riktig så fin adventstid.