I emnefelta står det ofte «Henvendelse fra Namsmannen» eller «Henvendelse fra Namsmannen er tilgjengelig i Altinn», skriv politiet i ei pressemelding.

E-postane verkar som om dei er sende frå noreply@skatteetaten.no og har eit feilfritt språk, skriv politiet vidare.

– Det kan vere vanskeleg å vite om det faktisk er ein førespurnad frå namsmannen eller om det er svindlarar som står bak førespurnaden. Politiet oppmodar derfor innbyggjarane om å ikkje klikke på lenkjer. Ta kontakt med namsmannen om du skulle vere i tvil, seier leiar Nicolay Nakstad i tryggingsseksjonen i Politidirektoratet .

(©NPK)