– Mobile vinningskriminelle reiser rundt i fylket vårt og stel påhengsmotorar, der hengelåsar og leidningar vert klipte av, fortel politiet i Nordfjord.

I løpet av ei veke har det vore tjuveri både i Selje, Gloppen og Sogndal.

– Som båteigar bør ein ha jamt tilsyn med båten sin, og dersom det er mogleg å gjere ekstra sikringstiltak vil dette vere å anbefale, er oppmodinga frå politiet.

Det er vidare stole el-sykkel og gjort forsøk på tjuveri av el-sykkel på ulike adresser i Førde i natt.

Politiet oppmodar om å vere merksame på uvedkommande bilar og personar, og å låse verdifulle gjenstandar inne.