Eit vogntog på veg opp frå Utvik har køyrt i grøfta på fylkesveg 60 i Stryn.

– Det skal vere passasje for små køyretøy, men usikkert om større kjem seg forbi, melder Vegtrafikksentralen Vest på X.

Bilbergar er bestilt.

SISTE:

Bilbergar har fått vogntoget på vegen igjen og skal berre får det opp til toppen, så er det fri ferdsel.