Det er mykje snø på linjene og vegetasjonen rundt som er årsaka til feila som har vore i indre delar av området vårt.

‒ Det er svært viktig at dersom publikum ser linjer som heng lågt på grunn av mykje snø, eller at tre eller greiner er i kontakt med linjene, at ein då melder frå til Linja, slik at våre montørar kan ordne dette på ein trygg måte.

‒ Publikum må halde avstand, og aldri kome i kontakt med vegetasjonen eller linjene, seier Christin Aare, fagleiar kommunikasjon og berekraft i Linja

Her er det ein montør som bankar snø av linjer under trygge forhold. Foto: Linja