Bulk og oppskrapa bil etter å ha stått parkert i Nordfjordeid sentrum fredag. Foto: privat

Ho hadde parkert utanfor kjøpesenteret Alti Nordfjord på Nordfjordeid fredag. Då ho kom ut igjen til bilen oppdaga ho at bilen var oppskrapa.

– Eg er lei meg for at folk ikkje kan legge igjen namn og telefonnummer. Då kan vi få til ein avtale. Ein kan ikkje berre køyre vidare, seier ho.

Bileigaren meiner dette er ein skade som den som køyrde den andre bilen måtte merke.

– Der er bulk og oppskraping. Uhell skjer med oss alle, men gi beskjed når det skjer, er hennar oppfordring.