På Nordfjordeid finn du den einaste staden i gamle Sogn og Fjordane der du kan velje frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign. Hit kjem elevar frå heile fylket.

Elevane var i full gang med å krølle hår då vi var innom dørene. Her er klasserommet forvandla til ein frisørsalong. Elevane lærer til dømes om oppbygging av håret, og korleis ein kan behandle håret utan å skade det. Tar du frisør får du jobbe mykje i praksis.

Lærar Marilyn Osmundsvåg er her i full gang med å krølle håret til ein av elevane ved frisørlinja. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

– Men kor lett er det å få læreplass?

– Spesielt i Sunnfjord har dei vore flinke til å vere lærebedrifter, og i fjor ringde dei frå salongar frå Volda og Ørsta og spurde om vi hadde elevar som trengde lærebedrift. Det hadde vi ikkje, for alle hadde fått seg plass, fortel lærar Marilyn Osmundsvåg.

Første året ved FBIE er linja for deg som vil arbeide yrkesretta mot frisør, blomsterdekoratør, interiørkonsulent, eksponeringsdesignar, maskør og parykkmakar eller profileringsdesignar.

Her lærer du gjennom praktisk arbeid, og vil også arbeide med form og farge. Dette er også for deg som likar å arbeide med folk.