Pasientombodet stiller spørsmål om praksisen til Helse Førde er lovleg og fagleg forsvarleg
Pasient- og brukarombodet i Vestland ber på ny Helse Førde om å endre praksis for å sikre pasientrettar knytt til behandlingsfrist og fastsetjing av time.
HAR INFORMERT STATSFORVALTAREN: Pasient- og brukarombodet Ingrid Aanderud Sælen ber Statsforvaltaren følgje opp saka om Helse Førde sin praksis når det gjeld behandlingsfristar og informasjon til pasientar. Foto: Benjamin A. Ward / Pasient- og brukerombudet