Fredag er det sjølvaste 17. mai og det er meldt strålande flott vêr og 26 grader i indre del av kommunen og 19 grader i ytre.

Vi håpar du ønskjer å spreie litt 17. mai stemning og sende inn dine bilde frå nasjonaldagen.

Det er låg terskel å sende inn bilde, og det kan vere alt ifrå eting av is, tog, pynting, flotte antrekk i bunad, dress eller kjole, flagg eller 17. mai leikar. Kanskje feirar du 17. mai på ein fjelltopp?

Du kan sende inn dine bilde på e-post til olin.yri@fjordabladet.no eller redaksjon@fjordabladet.no.

Du kan også bruke #fjordabladet på Instagram. På grunn av endringar på Instagram får vi ikkje opp alle bilda, så har du eit bilde du verkeleg er fornøgd med så send gjerne på e-post også.

Vi ønskjer alle lesarar ein riktig så god 17. mai.