Steinar ligg no i vegbana ved Stifjellet, cirka åtte kilometer frå Måløy.

Vegen det gjeld går frå Deknepollen til Osmundsvåg.

På X skriv Statens vegvesen at dei forventar at vegen vert opna rundt klokka 12.00 laurdag.

Mykje vatn

Vegtrafikksnetralen Vest melder at det er mykje vatn på Vestlandet.

– Oppfordrar alle til å køyre forsiktig og etter forholda. Stor fare for vannplaning fleire stadar. Vi har alt personell ute for å gjere tiltak der det er mogleg, opplyser dei.

SISTE:

Vegen er rydda og det er fri ferdsel igjen.