Det var klokka 18.09 at operasjonssentralen vart varsla om at ein mann er sakna frå Stryn Camping.

– Det er sett i verk eit redningsoppdrag og frivillige er kalla ut, opplyser Vest politidistrikt.

Ifølgje Sunnmørsposten skal mannen vere i 30-åra, og er heimehøyrande ein annan stad i landet. Det er dei pårørande osm har meldt mannen sakna.

Røde Kors, Norske Redningshunder og politiet er med i søket. Eit redningshelikopter er også i området.