– Eg gleder meg til sommaren, møte mange ulike personar og fortelle historiene deira. Eg har allereie fått gjort ein del. Fleire intervju skal det bli, lovar Victoria.

Ho begynte som sommarvikar i Fjordabladet denne veka. Ho er frå Nordfjordeid, men har budd i Bergen siste fem åra. Kanskje er det også nokon som kjenner henne igjen som ekstrahjelp på Zavanna i feriar.

– Når folk lurer på kven eg er så hjelper det å seie at eg er oldebarnet til Dessen, dei fleste veit kven han er, smiler ho.

Victoria har mellom anna fullført bachelorgrada si i Europastudier med spesialisering innan samanliknande politikk.

På fritida jobbar ho på studentbaren Hulen i Bergen, der ho begynte som bartender og barleiar, sit i styret og er frivilligansvarleg med ansvar for personalet, rekruttering og intermiljøet.

– Ta gjerne kontakt om du har tips til saker vi kan skrive om, oppfordrar ho.