Her kan du lese talen som Rana Husain Krizan heldt 17. mai:

Kjære venner her i Norge. Gratulerer med dagen! 17. mai er ein historisk viktig dag. Det er dagen vi minnast innsatsen dei tidlegare generasjonar  har gjort, for at vi i dag kan stå saman i eit trygt og fritt land. Det er ei stor ære for meg å stå her i dag og halde tale på Norges nasjonaldag, der vi kan feire friheit utan begrensingar.

For snart fire år sidan landa eg og familien min på Sandane Lufthamn. Vi hadde flykta frå heimlandet vårt Syria og levd som flykningar i nabolandet Libanon i fem år. Så fekk vi endeleg vite at vi skulle få reise til Noreg som overføringsflyktningar gjennom FN. Folk tenkjer kanskje at vi vann ein gullbillett. Men inni meg var det berre redsel og usikkerheit. Vi visste ingenting om kva som ville møte oss. Eg visste ingenting om Noreg og folk som bur her. Men morsinstinktet mitt var sterkare enn redselen. Vi visste at livet i Libanon ikkje var det beste for barna våre. Kvifor vi havna her på Eid, er berre tilfeldig. No kallar barna mine Eid for Norge. Dei kjenner ikkje til andre delar av landet vårt. Og vi har kanskje mykje å gle oss til. Men Eid er jo ein del av Verdas beste vesle Stad? Men kan ein forvente at alle som bur her tenkjer det? For meg er nemlig Damaskus verdas beste Stad.

Men Eid er ein god nummer to, og vi er evig takknemlige for å få leve liva våre her no. Men inni all takknemligheita, finnast det eit sakn som aldri vil forsvinne. Difor er det viktig at ein er rause med kvarandre og gir trøst og omsorg på dagar som er ekstra mørke.

Berre tjue dagar etter at vi flytta hit, fekk barna våre begynne i barnehagen og på skulen. Skulesystemet i Libanon er ikkje så venleg mot syriske flyktningar. Dei som er heldige og få skuleplass, må vere takknemlege med nokon få timar undervisning på ettermiddagen i overfylte klasserom. Det er ikkje noko som heiter tilpassa opplæring, og gjer du ikkje som du skal, kan konsekvensen vere lite behageleg for eit uskyldig barn.

På Nordfjordeid Skule vart barna våre møtt av lærarar som tok varmt imot dei og inkluderte dei ifrå fyrste dag. Dei har lært seg å snakke norsk, dei har lært seg å lese og skrive på det latinske alfabetet og dei har fått venner som dei vil ha resten av livet. Men det viktigaste av alt. Dei kjenner seg trygge her. Og dei har fått utvikle talenta sine. Ikkje berre på skulen, men også i idrettslaget og i kulturskulen. Før vi hadde budd her eit år, hadde eg og døtrene mine stått på scena i operahuset og sang om kjærleiken til landet vårt gjennom Fargespel. Mannen min har gått på kurs med Grøn Integrering og har lært seg at tomatplantar ikkje likar å vekse ute i snøen om vinteren. Vi har fått våre eigne kjøkkenhage, og kan no dyrke grønnsaker som minner oss om heimlandet vårt. Eg kan ikkje få sagt nok kor takknemlig eg er for alle dei frivillege lag og organisasjonar som har stilt opp og gjort ein forskjell for meg og familien min.

Integreringstenesta i kommuna er ei avdeling mange ikkje kjenner så godt til, med mindre ein er flyktning sjølv. Dei hjelper oss sjølvsagt med hus, kle og mat i starten. Men dei er også tilgjengelege og stiller opp på alt frå snømåking, til utdeling av julegåver, skyss til alle dei femti barna som skal på sommarcamp og tusen andre små og store oppdrag. Men dei stiller også opp som medmennesker når vi treng trøyst og strevar med å finne oss til rette. Det samme har lærarane i vaksenopplæringa gjort. Dei har teke meg med på skitur, fjelltur og strikkekafé, sjølv om eg hatar å strikke. Dei gir aldri opp, og ser på det som si livsoppgåve å inkludere oss i denne bygda.

Eg vil gi dokke eit eksempel frå då eg var ny her på Eid. Eg var utanfor huset mitt og hadde nettopp komt heim frå symjekurs med dottera mi. Vi hadde då budd fire månadar på Eid, og var litt einsame og triste, og vi var usikre på mykje av det vi såg og opplevde rundt oss i kvardagen. Då kom det ei hyggeleg norsk dame og ropte til meg:

«Hei!, kan vi bli kjent? Og kan barna våre gå i lag på skulen? Vi er naboar.»

Frå det øyeblikket av følte eg at dagane mine blomstra og sola stod opp i det nye livet mitt i dette landet.

Frå det øyeblikket av følte eg at dagane mine blomstra og sola stod opp i det nye livet mitt i dette landet.

Eg har seinare høyrt om utrykket “nabokjerring”. Historia eg nettopp fortalde handla om ei dame i nabolaget som var ei god nabokjerring. Når det kjem innflyttarar til nærmiljøet vårt, om dei kjem frå krig og vanskelege liv, eller om dei kjem frå ein annan stad i Noreg eller utlandet, så er det viktig at vi gjer som denne gode nabokjerringa. Tek kontakt, byr på oss sjølve og blir det nye viktige nettverket for dei som kjem utanfrå. Det vil også gi mykje godt tilbake til dei som tek sjansen.

Til og med her, i Verdas beste vesle Stad vert born og vaksne utsette for rasisme.

I dag feirer vi den Norske Grunnlova, som er eit resultat av demokrati og folkestyre. Alle skal kunne leve saman i fred utan at religion, hudfarge, kultur, kjønn og legning spelar noko stor rolle. Men vi kan ikkje ta det forgitt. Det vil alltid finnast unntak. Til og med her, i Verdas beste vesle Stad vert born og vaksne utsette for rasisme. Dette kan ein ikkje akseptere, og vi har alle eit viktig ansvar for korleis vi snakkar om kvarandre. Spesielt når vi er saman med born. Vi skal verdsetje ytingsfriheita og bruke den på ein klok måte. For i motsetning til mitt heimland, kan vi stort sett seie det vi meiner i Norge, utan å frykte for livet vårt. Her kan vi vere oss sjølve, utan å tenke på kva andre vil meine om oss, eller kva dei kjem til å seie om oss, fordi vi veit at negativ sosial kontroll er uakseptabelt. I Norge veit vi at det er religionsfrihet, ytringsfrihet og trusfrihet. Der eg kjem frå er dette ikkje sjølvsagt. Demokrati finnast ikkje. Hadde det Syrisk regimet høyrt dei orda eg seier no, kan de sjølv tenkje dykk min skjebne om vi blir returnerte, så lenge dei sit med makta.

Noko anna eg verdset høgt i det norske samfunnet er likestilling mellom menn og kvinner. I mange arabiske land har ikkje kvinner mogelegheit til å uttykkje sine ønsker. Dei kan ikkje seie nei til alt dei ikkje vil. Som mor til to døtre, tenkjer eg ofte på dei mange mindreårige jentene som blir tvangsgifta med eldre menn. Dei mister framtida si, fordi dei er barn som blir foreldre til barn. På grunn av tidlig ekteskap, er ikkje kvinnene i posisjon til å vise sine evner, fordi dei blir pålagt ei plikt om å vere heime og passe på barn og lage mat. Eg er glad for at døtrene mine no bur i eit land der det har blitt kjempa ein kvinnekamp, som gjer at dei kan få bestemme over sitt eige liv og bli det dei sjølv ynskjer.

Eg er glad for at døtrene mine no bur i eit land der det har blitt kjempa ein kvinnekamp, som gjer at dei kan få bestemme over sitt eige liv og bli det dei sjølv ynskjer.

Den tryggheita eg og familien min kjenner på her, er sjølvsagt for dei fleste nordmenn. For meg handlar det om å gå for å handle mat til barna mine og føle meg trygg på vegen til og frå. Det er å gå på gata uten å tenke på at ein når som helst kan risikere livet. Det er å legge seg saman med barna om kvelden og vite at vi vil vakne opp igjen neste dag. Det får meg til å tenke på den tida eg og familien min levde i frykt under skot frå artilleriet og luftbombardement i Syria. Kvar kveld klemte eg og kyssa barna mine og sa på ein måte farvel til dei, med eit håp om at vi ville sjå kvarandre og vere trygge neste morgon. Dette er kvardagen når ein lever i krig. Og dessverre ser det ikkje ut til å ta slutt verken i Syria eller i den no tolv veker lange invasjonen av Ukraina.

Noreg har fordømt Putin sine handlingar og vi har heldigvis takka ja til å hjelpe mange flyktningar frå Ukraina. Eg har eit stort ønske om at alle tenkjer nøye over viktigheita av å inkludere dei ukrainske flyktningane som no kjem. Dei må takast imot med samme raushet som dei andre flyktningane som blir busette i kommuna. For dei fleste som kjem hit, kjennast det som å starte på nytt, heilt frå botnen av. Då er det viktig med gode støttespelarar rundt seg. Nokon som tek seg tid til å sjå dei som dei menneska dei er, og som ikkje dømmer ut ifrå kva språk ein snakkar, korleis ein er kledde og kva religion ein har. Dette er mennesker som ikkje har valgt sin skjebne, og dei vil trenge mykje omsorg og forståelse frå lokalsamfunnet for å kjenne på tryggheit og stabilitet.

Eg trur Noreg er verdas beste land til å feire nasjonaldag. 17. mai er barnas dag. Men det er også ein dag der folk løfter blikket sitt og seier hei til folk dei kanskje ikkje kjenner. Eg har lurt på om dette er noko som skjer når nordmenn tek på seg bunad. Kankje burde folk gå med bunad kvar dag, for å bli betre kjende med kvarandre. Men eg forstår at dokke er stolt over nasjonaldraktene dykkar. Dokke ser fantastiske ut! Og dokke har all grunn til å vere stolte over landet dykkar.

Eg kjenner meg stolt over at eg kan kalle Norge for mitt heimland også.

Til lukke med dagen, alle saman.

Takk for meg.