Den økonomiske politikken var eit av temaa under Støres innleiing på Arbeidarpartiets landsstyremøte tysdag.

– Vi går ut av pandemien med ein økonomi som økonomane seier er «heit», eller på veg til å bli overoppheta, sa Støre.

Han meiner det var rett av Noregs Bank å setje styringsrenta til 0 prosent då pandemien ramma.

– Men så har mange lånt på 0. Og no har Noregs Bank bestemt at dei skal gå skrittvis opp. Det er deira avgjerd og ansvar. Men vi har eit ansvar for korleis økonomien ser ut i forhold til dei avgjerdene dei tek i Noregs Bank, sa Støre.

Han understrekar at ein med ei trygg økonomisk styring, ikkje no kan sprøyte inn ekstra milliardar som kan få det til å renne over.

– 1 prosent opp for ein gjennomsnittsfamilie i Noreg med gjeld på rundt 3 millionar betyr rundt 25.000 kroner ekstra. Og no skal rentene opp, ifølgje Noregs Bank, men vi skal ikkje skyve dei. Det ansvaret skal ikkje vi ta, sa Ap-leiaren.

Prioritering

Prioritering blir eit sentralt ord i økonomien framover, understrekar han.

Verken i Hurdalsplattforma eller i statsbudsjettet for 2022 er det teke høgd for krigen i Ukraina, men Støre lovar likevel å gjennomføre «stort sett alt» av løfte derfrå.

– Men no blir altså forsvar viktigare, og flyktningar kjem til å gi utgifter, pluss at økonomien er det han er. Då må vi hente fram eit ord som kanskje ikkje har vore brukt så mykje dei siste åra. Vi må nemleg prioritere. Det er jo politikkens vesen, sa Støre.

– Der har eg sagt at det ikkje er alt vi har planlagt og ønskt å gjere, som kan vere i akkurat same rekkjefølgje., Det er heilt naturleg. Også det skal vi gjere på ein ansvarleg måte. For det vi ikkje set på reserve, er verdiane våre. Dette skal skje basert på rettferdig fordeling, og dei som har den tyngste børa, skal få lettane, sa han.

Uroleg for opprusting

I talen kom statsministeren og partileiaren òg meir konkret inn på krigen i Ukraina.

– Eg er uroleg for at snakket rundt Ukraina no handlar om eit opprustingssvar på denne krisa, sa han.

– Alle land må tenkje gjennom forsvaret sitt, men vi er nøydde til å tenkje at konflikten på ein eller annan måte må ende i ei diplomatisk løysing av eit eller anna slag. Og så skal vi tenkje gjennom kva som kjem på den andre sida, sa han.

Støre minte om at Noreg har hatt fred med Russland i tusen år – og at vi er den einaste naboen som landet aldri har vore i krig med. Han meiner det trengst ein brei debatt om Forsvaret, men er sikker på dette:

– Kjernen i Noregs nære sikkerheit ligg i nord. Det er der vi har ansvar for å følgje med. Det er der vi har ansvar for å seie «high north, low tension».

– Ikkje hatt uflaks

Det har gått rundt fem månader sidan Støres regjeringa tiltredde. Han overtok som statsminister dagen etter drapet på fem personar på Kongsberg, og tida etterpå har bydd på framleis koronapandemi, straumkrise og no sist krig i Europa.

– Vi har ikkje hatt uflaks. Eg vil heller seie at når vi møter kriser, er det bra det er vi som sit med ansvaret, at det er våre verdiar som gir retning i møte med krisene, lan han til.

Partileiar Jonas Gahr Støre opnar Arbeidarpartiets landsstyremøte med ei innleiing om den politiske situasjonen. Foto: Heiko Junge / NTB /NPK

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) varslar harde prioriteringar for å hindre overoppheting av økonomien, men lovar at dei som har tyngst bør, skal få lettar.

(©NPK)