Litt før klokka 11 fredag føremiddag skal det ha gått eit steinras på Fv5746 Maragjølet i Stad.

– Vegen er stengt på grunn av stein nedfall. Geolog er på veg til staden. Ny vurdering klokka 15:00, melder Vegtrafikksentralen vest.

Nærmaste adresse for raset er Torheimsvegen 1657.

Oppdatering 12:04

Vegen forblir stengt. Ny vurdering laurdag klokka 12.