Velfortent rast ved Leikongvatnet. Foto: Siv Tonje Otneim
Ein verkeleg flott soldag på eit snøkledd vinterlandskap på Stadlandet. Foto: Stadlandet skule

– Endeleg kom vinterdagen vi har venta på så lenge! Sol, pudder og iskald vind på toppen, men med kakao i koppen, heldt vi varmen i kroppen, konstaterer lærar Siv Tonje Otneim.

Dei fekk nytta det flotte vintervêret til skitur på fjellet, noko som det sjeldan er forhold til på Stadlandet.

Pudder og sol. Foto: Siv Tonje Otneim
Mange ski på gjengen frå friluftsgruppa. Foto: Luna Åndal

Dette er ikkje kvardagskost for elevane i valfaget friluftsliv.

– Vi er mykje på tur, men mest i regn og vind. Vi har sett fram til ein skitur på fjellet, fortel Oteim.

Nydeleg utsikt over Stadlandet. Foto: Lina Åndal
Det er i motbakke det går oppover. Foto: Luna Åndal

Det er litt logistikk før ein kjem seg på tur.

– Då er det kjekt med positive foreldre og kollega som hjelpe til med transport, fortel Otneim.

Eit lass ski og stavar vart frakta til utgangspunktet for skituren. Foto: Rune Aabrekk