Det er Norstat som har gjennomført undersøkinga for Kredinor.

Nordmenns bekymringar for privatøkonomien har auka mykje gjennom hausten og vinteren. I juli i fjor svarte 24 prosent at dei ikkje ville klare ei uventa utgift på 10.000 kroner, medan denne andelen no altså har auka til 32 prosent.

Nordmenns manglande evne til å handtere dei løpande utgifter er eit anna funn frå undersøkinga.

Delen som svarer at dei har problem av og til eller ofte, har auka frå 22 prosent i juli i fjor, til heile 30 prosent i april.

(©NPK)